torsdag 19. november 2009

Hvem er det som handler julegaver på Jernia?

Nei eg har ikkje byrja å skriva på bokmål. Men eg har radio. Og eg tenker å via detta innlegget til radioen min. Den er eg nemlig fryktelig glad i. Og så poppar det jo berre ut med visdom.

Ein har denne jerniareklamen då. Som er sånn teit. "Hvem har...." reklame. Liksom. Altså, eg kan ikkje forklara det, og dette blir ikkje morosamt viss du ikkje har høyrt reklamen. Litt sjølvinnsikt er liksom greit å ha. Men dealen er i alle fall at dei snakkar om julegåver ein kan kjøpa på Jernia. Som får meg til å lura. Kven i helsikken er det som handlar julegåvene sine på JERNIA?! Eg har Jerniafordommar. Men altså. Hjelpes.

Og ellers så slo dama i radioen fast at dei aller fleste mannane som skal førestilla nordmenn i utenlanske filmar heiter Sven. Meinte visst ho. Eg tenkjer kjekt å vita.

Og så er det den internasjonale dodagen i dag. Intensjonen er jo i grunn fin. Men ikkje veldig seksi. Og veldig lite googlbar. Kanskje Radio Norge driv å lurer meg? Er det eigentleg do-dag? Og finns det eigentleg ein do-organisasjon? Det sa dei nemlig på radioen. Og då må det vera sant?

Men det eg tenker er at det er gøy med organisajonar av ymse slag. Som Norsk Solarieforening, som eg òg fekk høyra om på radioen i dag. Eg tenker at folk interesserer seg for dei raraste ting. (I avisene kunne ein jo lesa om dei som gjekk i fakkeltog mot svinevaksinen. Eg er bitter for at eg gjekk glipp av dette). Men Norsk Solarieforening er bittre og sure av heilt andre grunnar. SATS skal nemlig ta vekk alle solariuma frå treningssentera sine. Bittert.

*Flytande overgang*

Og eg skal ein kjapp tur til Bergen. Tog frå Oslo tidleg torsdagsmorgon. Tog frå Bergen tidleg fredagsmorgon. Det blir gøy. Og sånn apropo reis. Eg skal heim i morgon! Eller ikkje heilt heim, berre til Stavanger. Men det er i alle fall i kosefylket. Og det er ein viktig detalj. Og så skal eg heilt til Saudasjøen på laurdag. Noko pappa var glad for.

Pappa: Når komme du heim?
Kristine: ganske tidlig på lørdagen
Pappa: Fint, kan du laga middag?

Han er i grunn trivelig.

Og forresten. Eg og Sivi var å handla kjolar i dag. Det var gøy. Og Siv har utvida garderoben sin med nokre raude kjolar til. Det er jo kjekt å ha. Eg har ein. Og ei ny raud t-skjorte. Den er kjekk. Det er kjolen òg.

Det er forresten tøysevampyrting på radioen no. Eg ler. Og eg skal forresten på New Moon filmen på mandag. Med Signhild. Som er sjuk og søt. (Eg satsar på eksamenssjukemelding).

No trur eg at eg skal legga meg. Utan å ta oppvasken. Eg er grensesprengande, altså!

tirsdag 17. november 2009

Booooob!



Dei beste dyra i verda. Nest etter sauer.

mandag 16. november 2009

Namne-konkurranse og livsvisdom i bøtter og spann!

Eg er av den oppfatningen at ein aldri kan ha for mange vener. Difor syns eg det var ein fornuftig investering å nytta dei siste matpengene min (eg avblåser forresten prosjekt "prøv å lev av studielånet. Det held ikkje for frostne barn som meg), på å kjøpa denne venen her. Han/ho er frykteleg søt og fin. Så har han varmeflaska i magen sin, sånn at eg ikkje frys på tåane mine når eg skal lalla om kvelden. (Eg hadde ei til sauevarmeflaske. Magen dødde. Og eg hadde så mykje vann på føttene mine at dei nesten fekk svineinfluensa. Not cool). No bur altså denne tingen med meg. (Eg går ut i frå at Løvinnen fekk svar på spørsmålet sitt no? -Sjekk ut bloggen hennar forresten. Den er sånn te-varm og fin. Damen har kanskje det største hjarte. Sant).

Men eg har eit case. Eg har ny ven utan namn. Kan de værsåplissåsnille å hjelpa meg? Kva namn skal min nye ven få? Per no er eg veldig for Bob. Men eg tenkjer det kanskje finns andre gode idear? Beste forslag blir premiert med ein god og varm klem. (Eg sug til meg kroppsvarme i desse dagar. Fyfatosten så kaldt det er på auslandet!). Og dersom eg ikkje skulle treffe på deg i den verkelege verda, så kan eg alltids senda ein god og varm tastaturklem. Det er sikkert gøy det òg. Vil eg tru og tenka.

Ellers har eg bakt brownies i dag. Og høyrt på the-Host. Faktisk har eg høyrt så mykje at det ikkje er meir igjen å høyra. Det stemte ikkje heilt med den planen eg i utgangspunktet hadde. Men det trur eg at eg nemnde før ein gong.

Det er eigentleg ganske gøy å baka. Og høyra på/synga Kaptein Sabeltann-sangar. Spotify gjer meg nostalgisk og sånn. Og eg hugsar brått at Langemann er verdens største hunk. Og at Pelle og Pysa sin livsvisdom tek nesten knekken på meg "livet har lært oss at mamma hadde rett, å greie seg alene er slettes ikke lett!". Sorry Ragnhild, men Sabeltann beats Julius. Srsly.

Men ja. Namn til Bob. Finn det.

søndag 15. november 2009

Cola-kliss

Vei de kva som er gøy med nyvaska gulv? Å hella eit glas med cola på det. Ingenting er meir klissete og fint. Seige gulv er som kjend noko av det besta som finns. No har eg berre lyst på sjokkis, sånn forresten.

Og ja. I morgon skal eg til byen å kjøpa meg ei sauevarmeflaske. Små barn. Store gleder.

(forresten. Århundredes dårligste idé var å kjøpa the-host på lydbok. Det tek veldig mykje tid. Og blir ikkje nødvendigvis brukt i den samanhengen som i utgangspunktet var intensjonen. Planen var nemlig at eg skulle ha noko å digga med når eg tok bussen eller gjekk tur. I staden sit eg heime på senga mi og forelsker meg i Ian igjen. Den fyren er faen meg fantastisk. Litt synd at han er veldig ikkje-levande. Eigentleg).

Og forresten igjen. Såg dei fyrste reklameplakatane for New Moon i dag. Det er jammen meg snart kinotid igjen! Gler meg. Tenker eg. (Og då må det vera lov å kjøpa smågodt, sant? Sjølv om eg lovte meg sjølv og verda dyrt og heilagt at det skulle bli lenge til neste gong, liksom).

Fred.

fredag 13. november 2009

Varm kjærleik

I dag har eg omsider vore å kjøpt meg omn. No er det varmt i heimen. Og eg koser meg ihjel med levande ljos, klementiner, nytrakta kaffi og smågodt. Livet er i grunn fint. (Særleg når ein kan ha romantisk kvalitetstid med seg sjølv).

Nemde eg at eg er glad i omnen min? Årets kjøp. MINST. (Faen så kaldt det var her før).
 

Bloggarkiv

Den andre